
Vike Montessoribarnehage
Ein roleg start på livets store oppdagingar
Hos oss får barnet tid, ro og fridom til å utforske verda i sitt eige tempo, med tydelege rammer og varme vaksne.
Velkomen
Ein liten, naturnær Montessoribarnehage
Vike Montessoribarnehage SA ligg nær fjord, sjø, fjell og skog. Vi brukar naturen aktivt i leik og læring, og barna er mykje ute – der dei utforskar, undrast og oppdagar i sitt eige tempo.
Vi er ein liten barnehage med kring 35 barn i alderen 1–5 år, fordelt på to avdelingar: éi for dei minste og éi for dei største.
Vår pedagogiske profil er Montessori, der aktiv utforsking og sjølvstendig læring står sentralt. For å leggje til rette for dette har vi førebudde omgjevnader og varme vaksne som støttar barna.
Oppdag



