Montessoripedagogikk
Montessoripedagogikken byggjer på trua på at barnet ber i seg ei medfødd nysgjerrigheit og lærelyst. Vår oppgåve er å førebu eit miljø som lèt denne blomstre.





Det førebudde miljøet
Rommet er ordna, ope og tilrettelagt etter barnets storleik og behov. Materiellet er innan rekkevidde, og kvar ting har sin plass.
Følg barnet
Vi observerer kvart barn og møter dei der dei er. Aktivitetar veljast av barnet sjølv, ut frå interesse og indre motivasjon.
Den vaksne som rettleiar
Den vaksne held seg roleg i bakgrunnen, viser ved eksempel og grip inn berre når det trengst. Tillit og respekt er grunnlaget.
Vegen vidare?
Vike Montessoriskule
Næraste nabo til barnehagen er Vike Montessoriskule, der montessoripedagogikken vert ført vidare gjennom barneskuleåra (1.–7. trinn). Barnehagen og skulen har eit nært og godt samarbeid, og mange av barna byrjar på skulen etter barnehageåra. Det gjer overgangen til skulestart trygg og kjend for både barn og føresette.
For barna er det òg ein stor fordel å ha med seg rutinane og arbeidsmåtane som er vevde inn i montessoripedagogikken. Det lettar overgangen til skulekvardagen.
Besøk Vike Montessoriskule
Medlem av Montessori Norge
Les meir om Montessoripedagogikk i Noreg hos Montessori Norge.
montessorinorge.no