Informasjon

Her finn du all oppdatert informasjon for foreldre: vedtekter, årshjul, referat frå årsmøte og praktiske rutinar.

Praktisk informasjon

Det viktigaste du treng å vite om kvardagen vår.

Opningstider
Måndag til fredag kl. 07:30–16:30.
Måltid
Vi serverer enkel, sunn frukost, lunsj og frukt. Maten er inkludert i månadsprisen.
Klede og utstyr
Vi er mykje ute, så barnet treng klede etter vêret og eit ekstra skift i sekken.
Sjukdom
Sjuke barn må vere heime. Vi følgjer Folkehelseinstituttet sine retningslinjer.
Ferie og planleggingsdagar
Barnehagen har fem planleggingsdagar i året. Vi har stengt fire veker om sommaren, heile påskeveka (frå måndag etter palmesundag til og med 2. påskedag) og frå vesle julaftan fram til første arbeidsdag i påfølgjande år. Sjå årshjulet for datoar.

Vedtekter

Vedtektene fastset rammene for drifta av barnehagen.

Lastar…

Årshjul

Aktivitetar, høgtider og merkedagar gjennom året.

Vinterfjord med snø
Vinter
Lam på vårbeite
Vår
Bringebær på busk
Sommar
Myrtur om hausten
Haust

Lastar…

Årsmøte

Innkallingar, referat og dokument frå årsmøta våre.

Innkalling

Lastar…

Referat

Lastar…

Kjøp av andel

Vike Montessoribarnehage er ein privat barnehage organisert som samvirkeføretak (SA).

Familiar kan kjøpe ein andel i samvirket. Som andelseigar er du medeigar i barnehagen og har røysterett på årsmøtet.

I opptaksreglane våre vert søkjarar med andel prioriterte framfor søkjarar utan. Har du allereie barn hos oss, eller søkjer plass og ønskjer å styrkje søknaden, er kjøp av andel eit alternativ å vurdere.

Dei fullstendige vilkåra — pris, rettar og korleis du kjøper eller overdreg ein andel — er omtala i vedtektene våre.

Born leikar med såpebobler på terrassen med utsikt over fjord og fjell